Noteringar |
- Bandebergsura
Hans Jensson f. ikr. 1616 er den første me kjenner til som budde i Ura. Hans var son av Jens Hansson og Åsa Olsdtr. (sjå nr. 8). Tidlegare i gardssoga er Hans jensson og bror hans Sevat Jensson omtala. Mor deira, Åsa Olsdtr., hadde arva 2 pd. sm. i Bandeberg og desse Jenssønene syntes å ha ein viss rett til å nytta dette. Hans jensson sette seg sølv inn som brukar av Bandura. Tok også inn framant krettur om sommaren til å beite i Bandeberg si utmark. I 1660 vart det fastsett på tinget at Hans Jensson ikkje hadde nokon heimel på husmannsplassen og dømt til å flytta derfrå innan mikkelsdag s. å. Hans Jensson kom likevel til å bu i Ura så lenge han levde. I 1682 er han påny saka av bonden på Bandeberg. Det er serleg alle krettur han dreg inn i buhagen. 8 kyrlag med sauer hadde Hans sjølv i buhagen, sume år tok han attåt inn 50 sauer for andre og sette i beite der, sume år attåt 2 naut og 2 svin. For alt dette betalte han ikkje ein øyre korkje i skatt eller til Ola Bandeberg. Det vart forlik i saka, kva det går ut på er ikkje nemnd i tingboka, men Hans, som då er ein gamal mann, får truleg lov til å bu i Ura, men ingen av sønene hans bur der.
- Hans jensson var gift med ei søster av Tore Johannesson Eie i Sjernarøy. I 1666 har dei sønene:
|