Senaste uppdateringen 26 juni 2022.
Lars Cristoffersen

Lars Cristoffersen

Man 1692 - fö 1758  (< 65 år)

Personlig information    |    Noteringar    |    Alla    |    PDF

  • Namn Lars Cristoffersen 
    Född 1692  Tysvær, Nordre Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats 
    Kön Man 
    Yrke Gårdsbrukare av Nordre Askeland, Tysvær 
    Död fö 1758  Tysvær, Nordre Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats 
    Person-ID I16627  Kvalevaag
    Senast ändrad 8 Jun 2014 

    Far Kristoffer Larssen,   f. 1651, Tysvær, Nordre Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats,   d. 4 Apr 1722, Tysvær, Nordre Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats  (Ålder 71 år) 
    Mor Anna Torgeirsdatter,   f. ca 1668, Skåre, Vikse søra, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats 
    Gift 1688 
    Familjens ID F8745  Familjeöversikt  |  Familjediagram

    Familj Marta Johannesdatter,   f. ca 1696, Hjelmeland, Fister, Solbjør, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats 
    Barn 
     1. Christopher Larsen,   f. 1719, Tysvær, Nordre Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats,   d. fö 6 Jan 1787, Tysvær, Askeland, Rogaland Hitta alla personer med händelser på denna plats  (Ålder < 68 år)
    Senast ändrad 5 Dec 2009 
    Familjens ID F3104  Familjeöversikt  |  Familjediagram

  • Noteringar 
    • Lars övertog gården, nordre Askeland, bruk A da faren var død, i 1717. Han brukte gården i 1723. Han er trolig død før 1758, da hadde sønnen, Kristoffer, tatt over.
    • Lars tok over gardsdrifta på Askeland i 1717 då faren flytte til Bokn. Det året betalte han 3 Rd i krigsstyr-skatt. Om lag på denne tida vart han gift med Marta Johannesdotter. Ho var født på Solbjør (lOd) i Fister ikring 1696. Foreldrene hennar var Johannes Knutsen, lensmann i Hjelmeland skipreide 1733 - 1752, og kona Margrete Olsdtr. Frå ca. 1719 budde dei på Indre Sandanger (7).
      På denne tida budde det to husmenn på Askeland, Rasmus Grasvoll og Nils Ånensen i Lia. Både to måtte betale krigsstyr-skatt. Hausten 1717 vart Nils Lia stemna til tinget av sognepresten:
      Mag: Christian Kuur hafuer ladet stefnt Nils Lie, husmand under Ascheland for hans (for) usømmelige ord hand hafuer haft i mod hans medhjelper Lars Christofuersen Ascheland. Nils Lie møtte oc sa[g]de sig iche at hafue talt nogetsom kunde vere hans præst oc sjelesørger for nermet.62
      Presten møtte ikkje, og Lars Askeland hadde heller ikkje noko å klaga Nils for. Saka vart utsatt til neste ting for "at paahøre hans velærværdigheds paastande oc i rette settelse i mod benefnte Nils Lie." Lars er her kalla presten sin "medhielper" og har då truleg vore klokkar i Tysvær sogn.
      Den store nordiske krigen gjekk mot slutten. Alle unge menn som ikkje var gifte og dreiv gardsbruk vart utskrivne til soldatar. Det var dif or vanskeleg å få vaksne drenger til hjelp i onnene. Sommaren 1718 var det Lars som stemna husmannen Nils Lia til tinget. Han hadde fått leige Nils sin son, Anders til å hjelpe seg på garden, men Anders hadde drege sin vei.63 Nils møtte ikkje og saka vart utsatt til hausttinget. I eksaminasjons-protokollen frå matrikkelarbeidet i 1723 er det sagt at garden Askeland var tungdriven. Det året sådde Lars 7 tønner korn og hausta 30 tønner. Komet kunne han mala på ei flaumkverna som stod på garden. Dei hadde ein buskap på 2 hestar, 13 naut og 6sauer. Elles var det nok skog til brenneved og vedlikehald av husa.
      Lars Kristoffersen sat som leilending på odelsgarden sin fram til 1723. Etter faren som døydde året før, arva han 8 2/3 spann korn i Apeland. Dette seide han i januar 1723 til svogeren Johannes Jørgensen Apeland. Den 15. mai same året lånte han 90 Rd av Lars Knutsen Myklebustad mot pant i garden. Dermed kunne han løy sa inn parten på l pund korn som farbroren, Kristoffer Larssen Odland, hadde kjøpt året før.64 Den siste tredjedelen på 12 spann korn kjøpte Ole Torbjørnsen Søvik av bro?ren Gunnar Brattestø, Endre Gard og Lars Nesheim i 1726.65 Men Lars løyste truleg inn denne parten allereide året etter.
      Jordbruket tok seg raskt opp att dei første åra etter krigen. Gardar som vart liggjande øyde under krigen kom i drift att, og mange bønder vart sjølveigarar då krongodset vart selt i 1720-åra. Men handelen i byane hadde vanskar med papirpenger og mynt med lite sølvinnhald som var utstedt under krigen. Desse gjekk nå sterkt ned i kurs. Eksporthandelen derimot gav gode inntekter fram til og med 1726. Då kom eit stort om?skifte. Statsinntektene frå Norge gjekk ned frå 829 000 Rd i 1726 til 576000 Rd året etter. Grunnen til dette skuldast for det meste aukande handelskonkurranse med Austersjø-landa og dei nye engelske koloniane i Amerika. Forutan kornprisane, gjekk og prisen på fisk ned på grunn av det rike torskefisket som franskmenn og engelskmenn dreiv ved New-Foundland. Det vart snart ein stor pengemangel både i bygd og by.66
      Desse forholda gjorde seg og gjeldande i Tysvær og distrikta ikring. Det er på denne bakgrunnen me må sjå den økonomiske krisa som råka Lars Askeland og mange andre bønder i desse åra.
      Skattar og avgifter til staten vart fastsett etter landskylda på garden, og ikkje etter inntekta. Dette var ei tung økonomisk bør i uår og nedgangs?tider. Lars Askeland sleit dessutan med å betale renter på pantelånet han hadde fått av Lars Knutsen Myklebustad i 1723. Både Lars Myklebustad og kona hans døydde det året, og då pengemangelen gjorde seg gjeldande 4 år seinare, såg nok arvingane deira helst at Lars Askeland betalte lånet attende. I 1728 er den økonomiske stoda blitt så vanskeleg at han ser seg nøydd til å selje garden: - leg underskrevne Lars Christophersen boende paa Ascheland i Skaare Skibr udj Ryefølche kiendes og med min hustrues samtyche for alle vitterligt giør, at efftersom ieg for nogen tiid leeden til adskillige nødvendige store udgiffter hafde maatte pantsette afgangne Lars Møglebustad enn part i ermelte min eyende og beboende gaard Ascheland, for penge ieg til laans hafde beko-met, hvilchen giorde gield ieg iche i nærværende vanskelige tiider selv h[a]ver leilighed til at kunde aflegge, og at lade skylden fremdeelis henstaa ubetalt ville blive mig i tiden alt for besværlig i henseende til de aarlige paaløbende renter.
      Altsaa, for at faa saadan gield afbetalt og undgaa større udgifter, har ieg da solt og afhændt, som ieg herved aldelis selger, skiøder og afhænder, fra mig, min hustrue, børn og arvinger same min paaboende gaard Ascheland i Ska?are skibr. som skylder aarlig = 1 !/2 pund korns landskyld, hvoraf ieg i begyn-delsen var eyende 1 pund korn og siden tilforhandlet mig resten = 12 spand af Ole Sævig hvor om hand mig ihændehavende kiøbebrev extraderet (?) og ieg nu igien fra mig leverer til de velagte dannemænd Jacob Knudsen Axnes og Omund Biørnsen ibm., som mig derfor har betalt reede penge i god Courant mynt = 158 Rdr, siger 158 Rdr, af hvilche Jacob Knudsen har udreedet dend trediedeel = 52 Rd 2 ort 16 sk og sig tilforhandlet = 12 spand korn og Omund Biørnsen de toe trediedeele 105 Rd 1 ort 8 sk for det øfrige 1 pund korn i gaarden.
      Da effterdi ieg dend fulde betaling har erholdet meddeler ieg herved fuld-kommen skiøde og hiemelsbrev til Jacob Knudsen for 12 spand korn og Omund Biørnsen for et pund korn i Ascheland, hvilchet alt ermelte danne?mænd for sig, sine hustruer, børn og arvinger frit og frelseligen skal nyde og beholde med bøxel og anden herlighed - ager og eng, skov og march, fiskevand og fægang inden- og udengierdz intet undtagen i nogen maade til ævindelig odel og eyendom i alle tider.
      Til stadfæstelse under mit sædvanlige signete og til ydermeere bekræfftelig vitterlighed forseigler og underskriver lensmanden Thore Møglebustad og Østen ibm. som self har oppebaaredt de penge med sine renter ieg til salig Lars Møglebustadz sterfboe var schyldig.
      Stavanger, dend = 5. Juni 1728.
      Deretter makebyter Aknes-bøndene og Johannes Knutsen Indre Sand?anger jordegods, slik at Johannes får heile Nordre Askeland mot at Jakob Knutsen Aksnes får 9 mrk smør og 7 Vz spann korn landskyld i Aksnes og Omund Bjørnsen får 18 mrk smør og 15 spann kom i Aksnes.68 Etter denne handelen vart Lars Askeland leilending under svigerfaren, og Aks-nes-bøndene sjølveigarar. Om Lars ikkje skulle makta å løysa inn Aske?land i framtida, så vilte kona og borna hans likevel få arverett til garden. Men på Store Nessa i Årdal sat Jørgen Knutsen, bror til Johannes Sand?anger. Han la ned protest mot at Aksnes, som var gamalt odelsgods, gjekk ut or slekta si eige. Det var mormor til Johannes og Jørgen, Marta Gudmundsdtr frå Fosen, som hadde arva garden etter far sin. Dom i saka vart avsagt på vårtinget 10. mars 1729. Sonen til Johannes Sandanger, Ole, fekk førsteretten til å løyse inn garden. Men han må ha sagt frå seg retten, og det enda med at Jørgen Nessa fekk utskrive skøyte på garden av Aksnes-bøndene den 18. januar 1732. Til gjengjeld fekk dei tinglyst ein kontrakt der Jørgen Nessa garanterte at dei skulle få bu på Aksnes så lenge dei levde.
      Ved markenstid hausten 1728 gjorde Lars Askeland avtale med Christen Egelund om at han skulle få kjøpe 6 tønner havrekorn til l Rd pr. tønne. Lars fekk 16 skilling i handpengar, og skulle gjera kornet klart for hen?ting om 8-14 dagar. Etter 8 dagar sende Lars bud med Berent kipper frå Nedstrand til Christen om at han kunne kome og hente kornet. Men Christen kom ikkje før nokre dagar før Jul. Då hadde Lars selt kornet for å få pengar til å betale skatten. Christen fekk kjøpt korn annan stad, men måtte betale 2 mark høgare pris pr. tønne enn det han og Lars Askeland hadde vorte enige om. For dette avtalebrotet vart Lars stemna av Christen til sommartinget året etter. Dom i sakavart avsagt 30. juli 1730. Lars Askeland måtte betale Christen sin meirkostnad på 2 Rd, samt betale attende handpengane på 16 skilling, og "udj processens omkostning" 3 ort og 8 skilling.
      Ei haustnatt i oktober 1733 brann husa på Askeland ned. Ein månad seinare, på Skåre skipreideting 13. - 14. november ber Lars Askeland om tingsvitne på den ulukka som har råka han og familien:
      For retten indstillede sig Lars Ascheland og tilspurde menige almue om den iche er bekiendt at hands paaboende gaard Ascheland for 4 uger siden af uløchelig vaade-ild om natte-tid blev lagt i aske og hand foruden sin for[r]ige fattigdom, miste mæst aldt hva hand eiede? Hvor til alle svarede ja! at alt sig disværre alt for sandt saaledes forholder.
      Lars Kristoffersen hadde allereide våren 1733 sagt opp halve garden for leilendingen Ivar Larssen. Og året etter overtok leilendingen Anders Nilssen den andre halvparten. Lars må ha døydd ikkje lenge etter, eller sett seg til som husmann på garden. Kona, Marta Johannesdotter er kalla enkje då det vart skifta etter far hennar den. 14. april 1752. Ho er nemnd som innerst på Askeland i ekstraskatten 1762 - 1765, men ho budde ikkje på garden i 1758. Det vart halde skifte etter henne 14. januar 1766. Ho åtte 18 merker smør og 3 spann korn i Solbjør i Fister.